Gå til sidens hovedinnhold

Lise Klaveness får jobben til Nils Johan Semb

Artikkelen er over 3 år gammel

Meland-kvinna Lise Klaveness (37) får toppjobb i Norges Fotballforbund.

Klaveness er tilsett som direktør for elitefotballavdelinga i Norges Fotballforbund. Ho startar i jobben 15. september. Etter at den tidlegare toppfotballsjefen Nils Johan Semb gjekk over til å bli sportssjef for A-landslaget, har fotballforbundet gjort enkelte justeringar i organisasjonen. Klaveness blir i praksis Sembs erstattar, men får direktørstilling.

– Lise er ein naturleg leiar. Ho har svært solid bakgrunn og ein imponerande CV og erfaring. Systematisk, strukturert, målbevisst, energisk og sosial. Ein lagspelar, som og har god oversikt over og engasjement for utviklinga av norsk og internasjonal fotball, seier generalsekretær Pål Bjerketvedt i ei pressemelding frå NFF.

Han er for tida sjukemeldt.

– Fotball er min første kjærleik, og forholdet er lidenskapeleg også i dag. Å få moglegheita til å leia arbeidet med å utvikla våre beste kvinner og menn ser eg på som eit enormt privilegium, seier Lise Klaveness.

Les også

Blir første kvinne som kommenterer fotball-VM

 

Klaveness er jurist av utdanning og jobbar i dag som spesialrådgivar i Noregs Bank. Ho har og mangeårig bakgrunn som advokat og har vore dommarfullmektig i Oslo tingrett.

Klaveness spelte i Sandviken frå 1997-99, og i Bjørnar i 2000 før ferda gjekk vidare til Austlandet. Ho har 73 A-landskampar for Norge.

Kommentarer til denne saken