Snart ventar 500 nautiske mil

Kysttorsken som Jan Arve Birkeland landar i Sandviken vert rekna som delikatessen framfor nokon annan blant fiskeglade bergensarar.

Kysttorsken som Jan Arve Birkeland landar i Sandviken vert rekna som delikatessen framfor nokon annan blant fiskeglade bergensarar. Foto:

Av

Fredag tøffa han inn bak moloen ved Fiskerimuseet i Sandviken. På land sto kjøpelystne bergensarar. Flatøy-fiskaren er på plass også laurdag. Om nokre veker er det slutt. – Lofoten neste – for 10. gong!

DEL

Jan Arve Birkeland (51) sto fram i BA oppunder jul, sa klart ifrå til bergensarane at de ikkje kunne regne med ham for framtida.

Dersom de hadde eit ønske om å kunne kjøpe sjømat direkte frå båt, måtte de jaggu stille på kaien, når han tok turen til byd'n.

«Vekte» kundane før jul

Da han seglde til kai med sjølvaste juletorsken veka etter, var folket på plass.

– Og sidan har eg vore her med jamne mellomrom, seier han til BA.

Birkeland meiner «BA-vekkaren» hjelpte på, og no går det garantert unna frå halv tolv til to.

– No er kysttorsken her for fullt, og storleiken på tre til fem kilo er perfekt. Gytetorsk, og dermed følger det sjølvsagt rogn med, pluss lever.

Mens fiskediskane rundt i byen snakkar om skrei, er det flott gytetorsk frå fjordane rundt Bergen som hamnar hos Birkeland – og altså nokre timar seinare hos bergensarar på kaien.

– Men så set du kursen nordover med sjarken din?

– Ja, i slutten av månaden. Litt usikkert når, men eg drar når fisken meldast på veg inn mot Lofoten.

– Og du har fast tilhaldsstad nordpå?

– Ja, eg går alltid til Røst.

Birkeland legg ikkje skjul på at det krevjast ein solid porsjon motivasjon for i det hele tatt legge ut på den lange sjøreisa.

– 500 nautiske mil, sånn rundt regnet. I seg sjølv inneber dette ca. 35 timars segling. Derfor blir det stopp undervegs, eg går innom Kristiansund og Brønnøysund på veg opp.

– Helt åleine om bord i sjarken «Victoria»?

– Nja, ikkje helt. Har ein kar som er med «på gøy» nordover, men elles blir det åleine, ja.

Med «Victoria», ti meter lang og kalla opp etter yngstedottera, har Birkeland ei kvote på 24 tonn med skrei oppe i høge nord.

– Alt vert levert til mottak på Røst, og der er det i alt seks slike fiskemottak.

(Saka held fram under bildet)

LOFOTEN: – Du kommer ikke gratis til noe under lofotfiske. Tøffe tak og mange tøffe kamper – og utrolig mange om fisken, sier sjarkfisker Birkeland fra Nordhordland.

LOFOTEN: – Du kommer ikke gratis til noe under lofotfiske. Tøffe tak og mange tøffe kamper – og utrolig mange om fisken, sier sjarkfisker Birkeland fra Nordhordland.

Dårleg lofotfiske i fjor

Birkeland bruker juksa, og fjorårets lofotfiske var ikkje noko å skrive heim om for juksafiskarane.

Lina med de mange onglane og lodd i enden som vert trekt opp ved hjelp av juksamaskin, var ikkje måten å få fatt på skreien i 2017.

Men den sjøkapteinutdanna yrkesfiskaren med ei fortid frå offshore, hurtigbåtar og ferjer, er likevel optimist.

Han veit det blir tøffe tak. Forhåpentlegvis ikkje slik som i 2010, da han på veg frå fiske gjekk på ei grunne i innseglinga til Røst. Heldigvis kom redningsskøyten og fekk sjarken flytande inn til land.

– Kjøpte min første båt i 1995, «Victoria» er mitt sjette eller sjuande fartøy, seier den humørfylte fiskaren frå Meland.

Artikkeltags