Pipebrann på Flatøy

Pipebrann på Flatøysøndag kveld.

Pipebrann på Flatøysøndag kveld. Foto:

Ingen fare for spreiing til resten av huset.

DEL

Søndag kveld like før klokka 20 rykka brannvesenet ut til melding om pipebrann i ein einebustad i Flatøyvegen på Flatøy i Meland.

– Brannvesenet fekk melding via politiet klokka 19.52, fortel vaktkommandør Jan Ove Haga ved 110-sentralen i Hordaland til Avisa Nordhordland.

– Innringar var den som bur på adressa. Han melde om at det brann i skorsteinen, og at det gnistra over taket, fortel Haga.

110-sentralen sende ut tre bilar frå Lindås, Meland og Modalen Brann og redning.

– Då brannvesenet kom fram på staden kunne dei stadfesta gnistrar ut pipa. Dette er ei lecapipe, då er den meir sikker enn ein teglsteinspipe, fortel Haga.

Ikkje fare for spreiing

Etter sjekk med varmesøkjande kamera kan mannskapa konstatera at det ikkje er snakk om stor temperatur.

– Dei meiner brannen ligg i røykrøyret frå omnen og inn til skorsteinen, og dei får sjekka ut dette, feiar på staden og køyrer i retur, seier Haga.

Det var ingen fare for at brannen skulle spreia seg til resten av huset.

– Det er skremmande for folk som opplever det, ein får inntrykk av at omnen spring litt løpsk med høg trekk og gneistrar ut pipa. For drivne brannfolk er heldigvis dette ein liten og enkel sak, sluttar Haga.

– Brannvesenet framme på adresse. Bekreftar skorsteinsbrann, men ingen fare for spreiing til huset, melder 110-sentralen i Hordaland på Twitter.

Ifølge politiet skal det ha vore to personar og ein hund i huset. Det er ikkje meldt om personskade, og dei har heller ikkje fått i seg røyk, opplyser politiet på Twitter.

Artikkeltags