5-åring alvorleg skadd etter fall i barnehagen

En fem år gamal gut ligg alvorleg skadd på Haukeland sykehus etter ei fallulykke ved Leiketun barnehage i Meland.

En fem år gamal gut ligg alvorleg skadd på Haukeland sykehus etter ei fallulykke ved Leiketun barnehage i Meland. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein gut ligg alvorleg skadd på Haukeland etter å ha blitt skada i ein privat barnehage i Meland kommune.

DEL

– Vi fekk melding om hendinga i går klokka 18.52, fortel lensmann Kjell Idar Vangberg i Nordhordland lensmannsdistrikt til BA.

Lensmannen seier at dei fekk beskjed om ulykka frå Helse Bergen.

– Vi veit at han skada seg ute i barnehagen rundt klokka 1500 i går, men vi veit ikkje korleis. Barnehagen har ikkje kontakta oss, seier han.

Haukeland sjukehus opplyser i ei pressemelding at guten er alvorleg skadd.

Politiet har kontakt med foreldra.

– Vi veit at han har slått seg, men vi har fått beskjed om at det ikkje er livstrugande. Etter tilhøva står det bra til med guten, seier Vangberg til BA.

Politiet kjem no til å undersøka kva som har skjedd.

– Vi vil kontakta barnehagen for å få høyra deira versjon. Vi vil også oppsøka barnehagen for å sjå nærare på ulykkesstaden, seier Vangberg.

Dagleg leiar i Leiketun barnehage, Wenche Øpstebø, seier til BA at barnehagen har følgt alle prosedyrar.

– Guten var ute og leikte i ein båt ute framfor barnehagen. Han skal ha stått oppe på båtripa og falle ned. Det var om lag 70 cm ned til bakken, seier Øpstebø til BA. 

Ho fortel at guten fall uheldig.

– I etterkant av fallet hadde han veldig vondt i sida, seier ho. 

Artikkeltags