Viktig tilbod til demenssjuke sine næraste

PÅRØRANDESKULEN: Ytre Nordhordland demensforening og Meland helselag arrangerer no pårørandeskule for demenssjuke sine næraste. Kurset handlar om å få ei hjelpende hand og støtte  i ein vanskeleg situasjon og ei uoversiktleg framtid. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / SCANPIX

PÅRØRANDESKULEN: Ytre Nordhordland demensforening og Meland helselag arrangerer no pårørandeskule for demenssjuke sine næraste. Kurset handlar om å få ei hjelpende hand og støtte i ein vanskeleg situasjon og ei uoversiktleg framtid. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / SCANPIX

Av

Det er lett å føla seg åleine som pårørande til demenssjuke. No kan du vera med på pårørandeskulen og få kunnskap og større forståing, og få dela erfaringar med andre i same situasjon.

DEL

Ytre Nordhordland demensforening og Meland helselag, i samarbeid med kommunane Lindås og Meland, inviterar til kurs for pårørande og nære vener til den som har demens. Pårørandeskulen er lagt opp med fem samlingar i Meland eldresenter på Frekhaug i januar og februar, den første samlinga er 24. januar.

Godt å møta andre i same situasjon

Demens rammar stadig fleire - noko som kan snu opp-ned på kvardagen også for dei pårørande.

- I slike situasjonar er det mange som har behov for kunnskap  om sjukdomen og korleis ein best mogleg skal takla kvardagen. Difor kan eit tilbod som pårørandeskulen vera til stor hjelp for mange Det er godt å få treffa andre i same situasjon, det veit vi kan bety mykje, seier kommunepsykolog John Petter Wadseth i Lindås.

Han fortel at mange har gitt uttrykk for at samtaledelen på kurset har vore det viktigaste.

Kvar samling er lagt opp med ein time førelesing før pausen, og deretter ein time oppfølgingssamtalae i gruppe. Målsettinga med gruppesamtalane er å snakka om dagens tema og å utveksla erfaringar som pårørande.

Gjerne fleire frå same familie

Stadig fleire får demens, etter kvart som vi blir stadig fleire eldre i landet. Samtidig er det også eit faktum at stadig fleire relativt unge folk får demens. Eldsjelene bak pårørandekurset ser difor tydeleg at behovet for kunnskap og informasjon også blir større.

- Det er fint om fleire frå same familie blir med på samlingane, slik at dei får same kunnskap og forståing for situasjonen, seier John Petter Wadseth. Han kan kontaktast for vidare informasjon og påmelding.

Artikkeltags