– Eg forventar no at det satsast på å heva bemanning, kompetanse og kvalitet i den kommunale helse- og omsorgssektoren, seier Eli Gunhild By, forbundsleiar i Norsk Sykepleierforbund (NSF), til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).
– Ingen satsing
I rapporten «Bemanning, kompetanse og kvalitet», som er utarbeidd av Menon Economics, avslørast det at kommunane ikkje har evna å satsa tilstrekkeleg på helse- og omsorgssektoren – til trass for både tiltak og reformer.
Noreg står overfor store utfordringar når det gjeld den demografiske utviklinga i åra framover. Rapporten presenterast på Arendalveka onsdag.
Med ein eldre og større befolkning kor stadig fleire behandlingsløp flyttast ut av sjukehusa, vert det også lagt eit større press på kommunane.
– Det har lenge vore sagt at vi skal ha ein økonomisk satsing på kommunane. Går vi inn i tala i denne rapporten, ser vi at veksten i dei lokale helsebudsjetta berre følger snittveksten i offentlege budsjett. Det er ingen satsing, hevda forbundsleiaren.

Då Helge besøkte si 92 år gamle søster på sjukeheim fekk han ein idé. No gjer Knarvikmila alvor av ideen
Krev handling
Samhandlingsreformen som er blitt evaluert av Riksrevisjonen, har i liten grad ført til økt kapasitet i helse- og omsorgssektoren i kommunane, viser rapporten.
Saka held fram under bildet.
Kompetansen på same område er berre i avgrensa grad styrkt i møtet med fleire og meir krevjande pasientar. Nær halvparten av kommunane oppgir dessutan at dei ikkje har nok sjukepleiarar.
– No må styresmaktene ta grep. Vi manglar i dag nesten 6.000 sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar, ifølge Nav, seier By. Statistisk sentralbyrå (SSB) anslår at vi i 2035 vil mangle opp mot 30.000 sjukepleiarar og jordmødrer, påpeiker By.

Thalia vart fødd i Fløyfjellstunnelen i 110 km/t. Mamma Inghild låg i baksetet og tok sjølv i mot dottera
Bedre rusta
Meon Economics meiner samfunnet må gjera følgande for å stå betre rusta i dei kommunale helse- og omsorgstenestene i tida framover:
- Redusera mangelen på arbeidskraft i den kommunale helse- og omsorgssektoren og styrke spesialkompetansen.
- Redusere etterspørselen etter helse- og omsorgstenester. Det må dirfor satsast tyngre på førebyggjande helsetiltak, tidleg innsats og folkehelsetiltak.
- Satsa på teknologiske løysingar i helse- og omsorgssektoren. Slike løysingar kan lette arbeidet for helse- og omsorgsarbeidarane i kommunane.
- Satsa meir på å jobba tverrfagleg og samkøyring av tenester. Forsking viser eintydig at organisering i større tverrfaglege sentrer gir meir effektiv utnytting av ressursar og kompetanse.

Dette er dei 25 best betalte yrka i Norge
Store forskjellar
Sveinung Stensland, Høgre si helsepolitiske talsperson på Stortinget, er ikkje overraska over avsløringane i rapporten. Den største utfordringa er forskjellane mellom kommunane, seier han.
– Dei beste må læra bort til dei som ikkje er så gode. Kommunar som satsar på høg kompetanse og sørger for at folk står i yrket lenge, gjer mindre feil og har ein høgare standard, seier Stensland til ANB.
Ifølge Høgre-politikaren er primærhelsemeldinga frå 2015 gjennomsyra av behovet for kompetanse og det å få kommunane opp på eit godt nok helse- og omsorgsnivå.
– Dette er noko vi har tatt tak i, men det er forskjellar mellom kommunane når det gjeld å trekke til seg kompetanse. Det handlar om politisk vilje og evne til å løfta helse i kommunebudsjetta, seier Stensland, som avviser at styresmaktene ikkje satsar økonomisk på kommunane.
– Faktum er at kommunane har mykje større overskot enn før, men ikkje alle tar innover seg kompetansebehovet for legar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, påpeiker han. (ANB)