Strilen får ny redaktør

Eirik Langeland Fjeld (t.v) tek over jobben som redaktør i Strilen etter Stig Erik Elliott.

Eirik Langeland Fjeld (t.v) tek over jobben som redaktør i Strilen etter Stig Erik Elliott. Foto:

Eirik Langeland Fjeld blir ny redaktør i Strilen.

DEL

Noverande redaktør Stig Erik Elliott går over i ny jobb som papirutgåvesjef i AS lokalavisene, og skal dermed jobba både med Strilen og «søsteravisene» Bygdanytt i Indre Arna, Askøyværingen på Askøy og Vestnytt på Sotra, skriv Strilen.

– Eg blir heldigvis verande i Strilen-kulissane, og får framleis jobba med avisproduktet som har vore både levebrødet og hobbyen min dei siste fire åra. Dette var avgjerande for avgjerda om å takka ja til den nye jobben. Likevel er det vemodig å slutta som Strilen-redaktør, seier Elliott.

Eirik Langeland Fjeld er frå Bergen, og har tidlegare jobba i BA og Amedia, som også eig Avisa Nordhordland, i mange år.

Han er i dag redaktør for Bygdanytt, og skal frå no av ha redaktøransvaret både for Bygdanytt og Strilen.

Han tek formelt over frå onsdag 14. mars, skriv Strilen.

Artikkeltags