Gå til sidens hovedinnhold

Barnehage i Masfjorden vart evakuert grunna fare for kranvelt

Artikkelen er over 2 år gammel

Foreldre fekk beskjed om å henta barna sine i Indre Masfjorden barnehage.

Årsaka er at ei byggjekran står i fare for å velta over uteområdet til ein barnehage i Masfjorden, skriv NRK.

Barnehagen vart evakuert onsdag føremiddag.

Krana, som står i fare for å velta, står midt i Matreselva i samband med restaurering av ei bru.

– På grunn av dei store nedbørsmengdene som har kome natt til onsdag, kan ikkje operatøren garantera at krana ikkje kan falla, seier ordførar i Masfjorden, Karstein Totland til NRK.

Les også

Rask innsats redda husa frå vatnet: – Brannvesenet gjorde ein fantastisk jobb

– Tek ingen sjansar

Totland seier til kanalen at operatøren ikkje kan seia sikkert at krana står trygt. Krana vil i så fall ikkje treffa sjølve barnehagen, men den vil treffa uteområdet.

– Det blei sendt ut varsel om situasjonen tysdag, og i dag er det bestemt å flytta barn og tilsette, seier Totland til NRK.

Ordføraren seier prognosane til BKK, som overvakar vasstanden, tilseier at elva vil gå over sine breidder klokka 11 onsdag.

NRK har snakka med foreldre som seier dei har blitt ringt opp av barnehagen og bedne om å henta.

– Skulle elva få overløp, og operatøren allereie er usikre på krana, tek me ingen sjansar. Slik me vurderer det, er det best å evakuera.

Saka fortset under bildet.

Evakuert til barneskulen

Borna skal no vera evakuerte til barneskulen i Matre, som ligg høgare i terrenget på den andre sida av elva.

– Styraren i barnehagen har bede dei foreldra som har høve til å henta barna, om å gjera det. Dei andre blir tekne med til Matre skul, seier ordføraren i Masfjorden, til NRK, og seier vidare:

– Det er sjølvsagt veldig spesielt. Det er første gong eg opplever at ein barnehage i Masfjorden blir evakuert.

Les også

Jord og steinras stenger fleire vegar i Lindås

Kommentarer til denne saken