Rekordtidleg start på julepriskrigen: Desse varene er kutta i pris

Alle desse varene blir billigsre måndag.

Alle desse varene blir billigsre måndag. Foto:

Av

Allereie midt i november startar Kiwi prisras på julevarer. Både Extra og Rema 1000 følgjer etter.

DEL

Det skriv Nettavisen.

Den årlege julepriskrigen er allereie i gang. Måndag morgon annonserer Kiwi at dei kuttar prisane på ei rekke julevarer, som gløgg, surkål, lutefiskbacon, mjølkehjarte, julebrus, juleskum, edamerost og peparkakedeig med opp til 32 prosent.

– Det er viktig å vinne kampen om julekundane og det er jo blitt ein tradisjon også, seier kommunikasjonssjef i Kiwi, Kristine Aakvaag Arvin til Nettavisen. Ho fortel at det no er priskrig på julevarer femte år på rad.

– Det er ei forventning i marknaden til slike priskrigar og vi tar med varer som mange treng no, som peparkakedeig og melis og mandlar til kransekaker. Dette er produkt som er viktige for folk før jul, seier Arvin,

Ho får straks svar på tiltale frå konkurrentane.

– Extra (Coops lågpriskjede, red.anm) følgjer sjølvsagt på desse prisane, seier Harald Kristiansen, kommunikasjonssjef i Coop, til Nettavisen.

Nettavisen har vore i kontakt med Rema 1000, som bekreftar at dei også matchar prisane.

Rekordtidleg

Seinast i fjor var det beinhard konkurranse om julekundane og kjedane kjempa hardt om å ha dei lågaste prisane på julevarer. I fjor starta julepriskrigen i veke 48, som er siste veke i november, noko som då var «rekordtidleg». Denne gong startar det enno ei veke tidlegare, altså veke 47.

I fjor blei også prisane gradvis lågare i løpet av desember og Nettavisen kunne då fylle to bereposer med julevarer for under 100 kroner. Prisane er også framleis langt unna kva dei var på sitt lågaste i fjor.

Ein halv liter Tomtegløgg kosta for eksempel 11,50 midt i desember i fjor men kostar framleis 29,90 kroner, sjølv etter priskuttet.

Ikkje mjølk

Konkurranseekspert og professor ved NHH, Øystein Foros seier at grunnen truleg er at slike priskrigar på høgtidsvarer er tryggare enn å kutte prisen på kvardagsvarer.

– Skal dei konkurrere på mjølk og brød, som betyr mykje meir for lommeboka, sjølv i desember, så kan det bli mykje dyrare. Ein slik priskrig kan berre vare og vare. Men ein priskrig på julevarer vil per definisjon vere tidsavgrensa til tida fram til jul. Dermed kan kjedane også dra litt meir til på prisane, seier Foros.

– Er det ikkje tidleg å starte julepriskrig i midten av november?

– Dei sit sikkert og skular på kvarandre og dei ønskjer sikkert at det drar litt ut først. Samtidig så har dei vel erfaring at sjølv om det er billig, så blir ein jo lei av det. Det er avgrensa kor mykje marsipan eller peparkakedeig du kjøper i alle fall, seier han.

Paradoksalt

Professoren seier det er på mange måtar paradoksalt at kjedane kutter prisane på julevarer til jul, då etterspørselen er størst. Til samanlikning aukar for eksempel flyselskapa prisane på flybillettar rundt jul, då etterspørselen er størst.

– Det blir fokus på desse julevarene i desse tider og på mange måtar skulle ein tru at då ville prisen gå opp, seier Foros til Nettavisen.

Han viser til at vi for eksempel et langt meir marsipan i desember enn elles, men det fører til lågare priser, ikkje høgare.

– Det ser vi både i Norge og i andre land, som USA, kor det for eksempel er veldig låge prisar på kalkun rundt Thanksgiving, seier han med tilvising til høgtida som feirast i USA fjerde torsdag i november (dagen før Black Friday).

Artikkeltags