Coop kallar tilbake ruccola etter funn av E. coli

Coop kallar tilbake ruccola etter funn av E. coli

Coop kallar tilbake ruccola etter funn av E. coli Foto:

Av

Coop kallar tilbake ruccolasalat selt i Rogaland og Hordaland etter at det er påvist E. coli i produkta.

DEL

Tilbakekallinga gjeld for produkt med pakkedato 20., 21. og 22. oktober.

– Vi ber kundar som har kjøpt ruccola i Rogaland eller Hordaland med desse pakkedatoane om å levere vara tilbake til butikk, slik at dei kan få refundert pengane, seier kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop Noreg.

E. coli finst i normalfloraen i tarmen hos alle menneske og varmblodige dyr, og desse bakteriane er vanlegvis ufarlege så lenge dei oppheld seg der. Det finst likevel nokre grupper av E. coli som kan gi tarminfeksjonar hos menneske.

Artikkeltags