Mann funnen etter redningsaksjon i Stordalen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ein mann i 60-åra er funnen etter ein redningsaksjon i Stordalen, torsdag.

– Han har vore på tur sidan måndag, men vart meldt sakna då han ikkje kom fram til avtalt stad på onsdag, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Arve Samsonsen til avisa Nordhordland.

Torsdag vart det sett i verk ein større leiteaksjon der både frivillige og eit redningshelikopter vart sett inn.

– Etter noko tids søk vart ein skigåar observert på eit vatn i Stordalen, seier Samsonsen.

Helikopteret sende ned ein redningsmann og det viste seg snart at det var den sakna mannen som var funnen. Han vart då tatt med av redningshelikopteret.

Mannen, som skulle ha vore framme på Romarheim onsdag ettermiddag, var kald og sliten, men elles i god behald, opplyser politiet.

– Han skal ha vorte overraska av dårleg vêr undervegs, seier Samsonsen.

Samsonsen seier at mannen skal ha tatt seg inn på nokre hytter undervegs. Kvar og kor mange det har ikkje politiet oversikt over det er per no.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags