Politiet slepp fri to menn etter dødsulykke

Her vart den omkomne mannen funne natt til onsdag.

Her vart den omkomne mannen funne natt til onsdag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet gjorde plutseleg kuvending og slapp fredag ettermiddag fri dei to menna i byrjinga av 20-årene som vart arrestert i samband med dødsulykka i Stordalen natt til 16. mai.

DEL

Dei to kameratane vart framstilt for fengsling i Bergen tingrett fredag formiddag. Men før dommaren hadde skrive ferdig rettsavgjerda, bestemte politiet prompte å sleppe dei fri, skriv BA.

Etter det BA får opplyst skal det dreie seg om nye mobildataopplysningar om kor dei sikta oppheldt seg denne natta, og som styrker deira forklaringar.

– Mistanken mot dei to er vesentleg svekt, bekreftar politiadvokat Kjetil Tomren overfor BA.

Funne død i grøfta

Politiets teori var at bilen dei sat i køyrde på syklisten og at dei forlét han i hjelpelaus tilstand, for så fleire timar seinare å melde frå om hendinga, visstnok som tilfeldig forbipasserande.

Politiet fekk melding ved 01-tida om natta om at ein mann med sykkel vart funne langs vegen i Stordalen i Masfjorden.

Lensmann Vangberg opplyste at sykkelen vart funne i vegen, og den omkomne, som er ein mann i 40-åra, vart funnee død i grøfta.

– Han vart funne av ein forbipasserande bilist, og var truleg på veg ned frå Stordalen, opplyste Vangberg.

Politiet har sikta dei to for «hensettelse eller å forlate ein person i hjelpelaus tilstand».

Siktinga vart tatt ut på grunnlag av forklaringane frå dei sikta, vitneforklaringar og tekniske funn.

Politiadvokat Kjetil Tomren og forsvarer Steinar M. Andersen i saken om dødsulykken i Stordalen, fengslingsbegjæringen ble trukket.

Politiadvokat Kjetil Tomren og forsvarer Steinar M. Andersen i saken om dødsulykken i Stordalen, fengslingsbegjæringen ble trukket. Foto:

Mistanken svekt

Strafferamma er inntil tre års fengsel.

Politiet held fram å etterforske saka for å avklare hendingsgangen for ulykka, både med omsyn til at nokon kan klandrast for ulykka og at ulykka har naturlege årsaker.

– Det er på det noverande tidspunkt ikkje andre mistenkte i saka, opplyser Tomren.

Dei som er sikta vil behalde denne statusen, trass i den svekka mistanken, til saka er ferdig etterforska, opplyser politiadvokaten.

Begge mennene er svært fornøgd med at politiet trakk fengslingsoppmodinga.

– Min klient er glad og letta, seier forsvarar Steinar M. Andersen som forsvarer den eine av mennene, som no kan feire pinsen i fridom.

Artikkeltags