Tok 29 fartssyndarar på nokre timar

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

På onsdag var UP ute og vifta med laseren sin både i Romarheimsdalen og på Haugsvær.

Det var som vanleg ei god inntektskjelde for statskassa.

På ettermiddagen stod dei i 80-sona ved Dyrkolbotn. Her mista ein person førarkortet etter å ha køyrd i 126 km/t i 80-sona. 24 andre slapp unna med bøter. Høgaste hastigheit for dei som fekk forenkla forelegg vart målt til 115 km/t. Det er èin km/t unna å mista førarkortet.

– Seinare på kvelden var dei på Haugsvær. Der vart det skriven ut fire forenkla forelegg. Høgaste fart der var 79 km/t, seier lensmann i Gulen, Masfjorden og Solund, Ivar Holmaas til avisa Nordhordland.

Artikkeltags