Syklistar stengde fleire tunnelar på E39

DEL

OPPDATERT: Klokka 17.35 melder Vegtrafikksentralen at E39 igjen er opna for fri ferdsel.

Klokka 17.20 melder Vegtrafikksentralen at den 4910 meter lange Eikefettunnelen er stengt grunna syklistar.

Dette er måndagens andre melding om stengde tunnelar.

Den fyrste kom like før klokka 16 vart det meldt at Masfjordtunnelen måtte stengast grunna ein syklist i den 4 110 meter lange Masfjordtunnelen.

Tunnelen stig frå 11 meter over havet og endar på 321 meter over havet og har ein stigningsprosent på over åtte.

– Det er nokre sykkelturistar som er på veg langs E39, seier Tom Hansen ved Vegtrafikksentralen.

Han seier dei har meldt frå til politiet, men at politiet ikkje har klart å fått stoppa dei enno.

– Me har ikkje ressursar å senda ut på dette, men me har meldt frå til politiet og me håpar dei får ordna opp i dette no. Det er mange tunnelar att å sykla, seier Hansen til avisa Nordhordland.

Han seier det er tre syklistar. Då dei stengde den bratte Masfjordtunnelen måtte Vegtrafikksentralen gjera ein avtale med ein bilist som stod på utsida og gav beskjed når syklistane hadde kome seg ut. I Eikefettunnelen var det politiet som melde frå om at tunnelen måtte stengast.

– Eg reknar med at politiet snakkar dei til vet no, seier Hansen.

E39 er ikkje lagt til rette for sykkelturistar og mellom Eikefettunnelen og Knarvik er det framleis mange tunnelar att.

Artikkeltags