Alf Strand har fått besøk av to duer som er merka og verkar tamme, og lurer på om det er nokon som saknar duene sine.

– Den siste veka har to duer vore på besøk i Amundsbotn i Masfjorden, skriv han i ein e-post til Avisa Nordhordland.

Begge duene er merka.

– Den eine har kvit lapp på høgre fot og blått merke på den venstre. På det kvite merket står det svarte tal eller bokstavar, skriv Strand.

Han fortel at duene ikkje verkar redde for folk.

– Berre når du kjem ganske nær, trekker dei seg tilbake, fortel han, og ser gjerne at duer og eigar vert gjenforent.

– Viss det er nokon som saknar eit par duer, så må dei ta kontakt, seier Strand.

Han fortel at den eine dua bur meir eller mindre i garasjen hans.

– Den går i alle fall inn der og skit, seier han med eit smil.

– Elles går dei litt rundt omkring, dei har ikkje gått i lag i heile tida.

Han har prøvd å få eit glimt av kva som står på ringane, men har ikkje lukkast.

– Eg klarer ikkje tyde det på avstand. Eg har prøvd å fange dei, men dei hoppar til sides når eg kjem nær. Det er tydeleg at dei er vande med folk, dei går rundt her og stig, fortel han.

Om du saknar to duer og trur dette kan vera dine, kan du ta kontakt på Avisa Nordhordland sin tipstelefon, 916 20 916, så skal vi formidla kontakt med Strand.