Brann i Masfjorden: Spreidde seg til bustadhus

Foto:

DEL

SISTE: Politiet opplyser at huset som brenn er eit kombinert bustadhus, garasje og verkstad.

– Huset som brenn er totalskadd og vil bli brent ned kontrollert, skriv politiet vidare på Twitter.

To personar bur i huset. Ein er på staden og den andre er bortreist.

Fem personar vert køyrd til lokal legevakt for sjekk etter å ha innhalert røyk, opplyser politiet.

– Det var meldt om fyr i eit uthus som spreidde seg til eit gamalt butikklokale på Solheim, fortel vaktkommandør Karl-Arne Røyseth ved 110-sentralen i Hordaland til avisa Nordhordland.

– Det virker som om huset er overtent, vi er på staden og i full gang med slukking, seier Røyseth, som håpar dei skal klare å unngå at brannen sprer seg til terrenget.

Huset var bebudd etter det brannvesenet har fått opplyst.

– Dei som bur på adressa har kome seg ut, opplyser han.

Uthuset der brannen starta skal ha blitt brukt til lagringsplass.

– Vi har mellom anna tatt ut bensin derfrå.

Brannvesenet har førebels mannskap frå ein stasjon på staden, det er meld ut tre stasjonar for å bistå i arbeidet.

– Vi hadde omlag 15 minutt utrykkingstid frå næraste stasjon som var Matre, seier Røyseth.

Ein person som jobbar i brannvernet var også tidleg på staden.

– Ho har ved fleire anledningar vore utrykkingsleiar, og gjorde ein kjempejobb på staden før vi kom fram med ressursar. Opplysningane ho kunne gje var særs nyttige både for oss og politet, fortel vaktkommandøren.

Avisa Nordhordland får opplyst av ein som bur i nærleiken at dei vart varsla av ein bil som tuta og folk som ropte at alle måtte komma og hjelpa til.

Brannvesenet melder 19.18 at ein brann som starta i eit uthus i Solheim i Masfjorden no har spreidd seg til eit bustadhus.

Alle som var i huset skal ha kome seg ut av huset.

Brannvesenet melde om brannen på Twitter 19.18.

Klokka 19.43 melder dei at brannvesenet er framme på staden og startar slukking.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags