To bilar har kollidert på Manger

To bilar har kollidert på Manger, torsdag.

To bilar har kollidert på Manger, torsdag. Foto:

– Det ser forholdsvis udramatisk ut, seier politiet.

DEL

Klokka 12.18 fekk politiet melding om ei trafikkulykke like i nærleiken av YX-stasjonen på Manger.

To bilar har kollidert. Det skal ha vore ein person i kvar bil.

– Det er ikkje meldt om personskade, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Per Algrøy til avisa Nordhordland.

Han seier at bilane står på sida av vegen og at dei har fått materielle skader.

Naudetatane er på staden.

– Det ser forholdsvis udramatisk ut, seier Algrøy.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags