Startar bokåret med eit smell

I Austrheim startar bokåret med eit utandørsarrangement laurdag 19. januar, med høgtlesing på Vardetangen, refleksrebusløp og fyrverkeri. Arkivfoto: Irene Bratteng Fossheim

I Austrheim startar bokåret med eit utandørsarrangement laurdag 19. januar, med høgtlesing på Vardetangen, refleksrebusløp og fyrverkeri. Arkivfoto: Irene Bratteng Fossheim Foto:

Av

Austrheim startar bokåret 2019 med høgtlesing og fyrverkeri.

DEL

Bokåret skal gje leseglede til liten og stor, og er eit landsomfattande arrangement som er støtta av Nasjonalbiblioteket. I Austrheim startar bokåret med eit utandørsarrangement laurdag 19. januar, med høgtlesing, refleksrebusløp og fyrverkeri.

– Me startar høgtlesinga ved Vardetangen, og held fram ved friluftsområdet i Årvika, fortel Kari Torkildsen Utkilen, som er kulturleiar/biblioteksjef i Austrheim kommune.

Arrangementet startar ved Vardetangen klokka 17.30 denne laurdagen. Derifrå og til Årvika vert det mogleg å delta i eit refleksrebusløp, og i Årvika vert det ei eiga opplesing for born.

– Heile arrangementet er gratis, og ope for alle. I Årvika vert det også servert varm drikke og noko å bita i, seier Utkilen.

Arrangementet er eit samarbeid mellom biblioteket, ungdomsrådet, Fonnes bygdelag og Nordhordland brann og redning, der sistnemnde deler ut refleksar.

Til slutt er det fyrverkeri klokka 19.00, før alle kan gå heim og lesa meir.

Fleire i Nordhordland

Oppstarten av bokåret 2019 vert markert over heile landet laurdag 19. januar, med høgtlesing og andre arrangement. Her i regionen er det Austrheim folkebibliotek som har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket til å markera opninga, og med høgtlesing på Vardetangen kan deltakarane skryta av at dei har høyrt på ekte lydbok på landets vestlegaste fastlandspunkt.

Elles skal det i Masfjorden vera høgtlesing i samband med ein strikkekafé, og der er også planar andre stader. Dette kan ein følgja med på via nettsida www.nordhordlandsbiblioteka.no, der ein kan bla seg gjennom det rikhaldige programmet for biblioteka i dei ulike kommunane.

500 år med bøker

Bokåret 2019 skal ikkje berre skapa auka leselyst, det er også ei jubileumsmarkering av dei to eldste trykte bøkene i landet. For 500 år sidan vart dei to bøkene «Missale Nidrosiense» og «Breviarium Nidrosiense» trykte, i høvesvis København og Paris. Begge desse bokverka er som namnet fortel knytte til bispesetet i Nidaros, og hadde liturgisk funksjon, som høvesvis gudstenestebok og samling av faste tidebønner.

Hausten 2019 opnar Nasjonalbiblioteket ei stor bokhistorisk utstilling i lokala på Solli plass i Oslo, der ein kan sjå nærare på begge desse bokverka. Men utstillinga kjem også ut i landet, gjennom ei plakatutstilling som skal sendast ut til folkebiblioteka.

Artikkeltags