Skadd turist måtte hentast av helikopter

DEL

Hovudredningssentralen i Sør Norge melde klokka 12.30 om at ein skadd tysk turist måtte hentast ned frå Kalvedalshytta i Lindås.

Den tyske turisten var i eit turfølge på fire personar og hadde skade i fot/ankel, ifølge hovudredningssentralen.

Luftambulanse vart difor sendt ut frå Bergen for å ta seg av turisten.

Artikkeltags