No er kokevarselet oppheva

Området som blei råka av vasslekkasjen er markert i raudt.

Området som blei råka av vasslekkasjen er markert i raudt. Foto:

DEL

Søndag kveld vart det sendt ut eit kokevarsel til bebuarar i Kolås på Lindås, som følge av ein større vasslekkasje i området bak Kolås barnehage.

Nye prøver viser no at vatnet på Kolås er heilt trygt å drikke, og kommunen melder at kokevarselet er oppheva.

Dette vil sei at alle som bur i området trygt kan drikke vatnet frå springen att.

Kommunen skriv vidare på sin eiga heimeside at dei har tilført litt klor i vatnet i området som har fått kokevarsel.

– Det er berre snakk om små mengder og er heilt ufarleg.

Her kan du lese Folkehelseinstituttet og Mattilsynet sine råd om ein har fått kokevarsel.

Artikkeltags