Øydelagt viftereim evakuerte ein heil skule

Det var ei dramatisk melding som kom inn til naudetatane, om røykutvikling på Myking skule, men det roa seg fort ned.

Det var ei dramatisk melding som kom inn til naudetatane, om røykutvikling på Myking skule, men det roa seg fort ned. Foto:

DEL

OPPDATERT: Klokka 11.30 melder brannvesenet at dei pakkar saman og returnerer frå Myking skule.

Det var klokka 10.45 fekk brannvesenet melding om røykutvikling frå Myking skule i Lindås.

– Det skal komma kvit røyk frå loftet, som luktar kjemisk, seier lensmann Kjell Idar Vangberg ved Nordhordland lensmannskontor til avisa Nordhordland.

– Me har sendt bilar frå Lindås og Knarvik samt ein lift frå Åsane, seier Håkon Myking ved 110-sentralen i Bergen til avisa Nordhordland.

Alle dei 60 elevane og dei 13 tilsette vart evakuerte frå bygget det kom røyk.

Brannvesenet var framme rundt klokka ti over elleve og det vart raskt konstantert at det ikkje var snakk om nokon brann.

– Det er ei øydelagt viftereim på eit ventilasjonsanlegg som har laga røyken, seier Myking til avisa Nordhordland.

Dermed har det gått varmgang i vifta og det har kome litt røyk.

– Var røyken farleg?

– All røyk er vel farleg i utgangspunktet, seier han

I 11.30-tida pakkar brannvesenet saman og Myking seier elevane truleg får returnera til skulen om kort tid.

Myking skule er ein 4-delt barneskule i Lindås ungdomsskulekrins. Skulen ligg sentralt på Myking og er skule for elevane i Myking barneskulekrins.

Saka vert oppdatert

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no Video: Video SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags