Seim: Bil trilla på fem år gammal gut

Ein fem år gammal gut vart treft av ein trillande bil ved Strilatun, torsdag føremiddag.

Ein fem år gammal gut vart treft av ein trillande bil ved Strilatun, torsdag føremiddag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Operasjonssentralen ved Vest politidistrikt melder på Twitter at ein fem år gammal gut er treft av ein bil som trilla i han.

Hendinga skal ha skjedd klokka 09.31 på Seim.

Guten skal ha kome seg laus frå bilen og klagar over smerter.

– Han står fram som lettare skadd, seier operasjonsleiar Per Algrøy til avisa Nordhordland.

Den fem år gamle guten er køyrd til Haukeland universitetssjukehus for kontroll.

Det var ingen i bilen då hendinga skjedde.

– Bilen vert tatt med til Statens Vegvesen for å gjera tekniske undersøkingar. Me vil ta ein full gjennomgang av bilen for å avklara om det er mekanisk eller menneskleg svikt, seier innsatsleiar John Endre Skei til avisa Norhdordlands reportar på staden.

Han seier at guten var i barnehagen då dette skjedde. Hendinga skjedde i overgangen mellom parkeringsplass og barnehagens område.

– Bilen har kjørt i porten som skil barnehageområdet og uteområdet, seier Skei.

STORE SKADER: Bilen som trilla ned bakken traff denne porten, som har fått store skader etter hendinga.

STORE SKADER: Bilen som trilla ned bakken traff denne porten, som har fått store skader etter hendinga. Foto:

Det var ingen andre barn som såg kva som skjedde, men tilsette frå barnehagen var der.

– Me skal gjennomføra avhøyr av vitna, men me må og ta vare på dei som var der. Dette gjev sterke inntrykk, særleg for dei som står barna nært, seier han.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags