Ein person omkom etter frontkollisjon mellom lastebil og personbil på Fv57

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein person har omkome etter ein frontkollisjon mellom ein lastebil og ein personbil ved Espeland.

DEL

Det stadfestar politiet sin skadestadsleiar Sindre Erstad til Avisa Nordhordland sin journalist på staden.

Det er føraren av personbilen som har mista livet i den alvorlege ulykka.

– Vi fekk melding omlag klokka 09.30 om at to køyretøy hadde kollidert front mot front på Fv 57, seier Erstad.

– Det er føraren av personbilen som har omkome, fortel han.

Føraren av vogntoget er fysisk uskadd, men vert sendt til Nordhordland legevakt for sjekk.

– Ein person er omkome i samband med denne ulykka, erklært død på staden klokka 10.04, opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen i ei pressemelding.

Vegen stengt

Vegen vil vera stengt på staden ei god stund framover.

Brannvesenet jobba på staden for å få frigjort føraren av personbilen som vart fastklemt etter ulykka.

Ulykka skal ha skjedd ved Espeland, og alle naudetatane rykka ut til ulykka.

Ein tipsar har ringt avisa Nordhordland, og fortel om lange køar på staden.

– Ulykka har skjedd ved Espeland, like nord for den store skjeringa ved Trædalsvatnet, fortel han.

Avisa Nordhordland sin journalist på staden, Irene Bratteng Fossheim, seier det står lang kø mot ulykkesstaden frå både Knarvik og Seim.

Køen står heilt til Isdalstø, seier Fossheim.

Denne ulykka er den andre dødsulykka på Fv 57 på kort tid, og skjer berre få veker etter dødsulykka i Furubergtunnelen i juli. Også dette var ein kollisjon mellom lastebil og personbil.

Artikkeltags