Tre skular og ein barnehage i Lindås er stengd

DEL

Lindås kommune opplyser at Ostereidet ungdsskule, Kløvheim skule og Myking skule er stengd grunna straumbrot.

I tillegg er Barnas barnehage Kløvheim stengd.

– Vi har tre skular og ein barnehage stengd grunna straumbrot, seier informasjonsrådgjevar i Lindås kommune, Silje Andvik Hoaas.

Etter det ho kjenner til er i alle fall foreldra til elevar på Ostereidet og Kløvheim varsla.

– Eg veit berre at desse to skulane har send sms til alle foreldre, det er den informasjonen eg har. Skulane har gode rutinar på dette, seier ho.

Om elevar likevel har møtt opp på skulen kjem dei ikkje til stengde dørar.

– Det er ikkje sånn at skulen er heilt stengd, det er vaksne der som kan ta imot elevane, og eventuelt følgja dei heim eller gi beskjed til foreldra, fortel ho.

Rektor Turid Sporsheim Tvedt ved Kløvheim skule seier til NRK Hordaland at låg innetemperatur er årsaka til at dei stenger skulen.

– Vi veit ikkje når straumen kjem att. Difor har vi gitt beskjed om at skulen held stengt på uviss tid, seier ho til NRK.

Ho fortel vidare at klasseromma på skulen med 37 elevar har ein romtemperatur på 16 grader.

Artikkeltags