Sakna fridykkar funnen død

I tillegg til redningsskøyte, brannbåtar og helikopter, er det fleire båtar som no søker etter fridykkaren.

I tillegg til redningsskøyte, brannbåtar og helikopter, er det fleire båtar som no søker etter fridykkaren. Foto:

Faren leitte og søkte etter sonen i over ein time.

DEL

BA: – Eg kan stadfesta at redningsaksjonen er avslutta og at den sakna er funnen omkommen av dykkarar, opplyser Arve Samsonsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til BA.

Dei pårørande er varsla.

Søndag føremiddag vart ein mannleg fridykkar meldt sakna, etter at han ikkje kom opp att etter eit dykk i Lurefjorden, i området ved Engholmen og Ådnøyna i Lindås kommune.

– Det er ein fridykkar som er meldt sakna. Han skal angiveleg ikkje ha komme opp att etter dykk, fortalde Andreas Bull, redningsleiar ved Hovedredningssentralen, til BA då aksjonen pågjekk.

Det var faren, som sto på land, som meldte mannen sakna klokka 1139. Då skal han ha vore sakna sida 1015-tida.

– Han hadde ikkje moglegheit til å varsla der. Så han søkte sjølv og leitte etter sonen sin, før han måtte til land for å varsla oss. Dermed gjekk det litt lang tid, fortel Bull til BA.

Hovedredningssentralen sette i verk ein omfattende redningsaksjon, med helikopter, båtar, dykkarar og andre redningsmannskap, samt fleire frivillige.

Klokka 1323 ble det meldt om eit funn av ein død person. Det var brannvesenet sine dykkarar som fann han, ikkje langt fra staden han vart meldt sakna frå.

Hovudredningssentralen stadfestar at det er den sakna som er funnen omkommen.

Bull fortel at dei ikkje har noko informasjon om den unge mannen hadde erfaring med dykking eller ikkje.

– Men ut ifrå det vi har fått fortald er dette ein vanleg stad å dykka, seier han til BA.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no Video: Video SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags