Kommunane tilgjengelege på telefon igjen

Onsdag melder både Meland, Lindås og Austrheim på sine Facebook-sider at dei har problem med telefonsentralane sine.

DEL

– Vi jobbar med å rette feilen, og håpar du kan nå oss på vanleg måte snart, skriv Lindås kommune.

I ein e-post skriv kommunikasjonsleiar i Lindås, Silje Andvik Hoaas at problema har oppstått etter ei oppgradering natt til onsdag.

Når det gjeld konsekvensar av problema kan Hoaas berre uttale seg for Lindås.

– Vi har orientert innbyggjarar gjennom Facebook og tilsette i kommunen på e-post, og ber alle om å bruke direktenummer dersom dei har tilgang til dette. Direktenummera virkar, seier ho.

Ho opplyser òg at dei kan sjå nummera til dei som forsøker å nå kommunen via sentralbordet, og vil ringe tilbake for å hjelpe dei som tek kontakt.

– Vi strekkjer oss langt for å hjelpe alle til sentralbordet er oppe og går att.

Telefonsentralen oppe og går

Rundt klokka 12.00 er telefonsentralane oppe og går att, og det vil vere mogleg å kontakte kommunane via sentralbordet.

– Kundesenteret vårt har gjort ein kjempejobb og tatt direkte kontakt med alle som har forsøkt å ringe oss i nedetida, seier Hoaas.

Artikkeltags