Rykker ut til bilulukke i Alversund

DEL

Naudetatane rykker fredag ettermiddag ut til ei bilulukke i Skarsvegen i Alversund.

– Det er ein bil som har køyrd av vegen, ned ein skråning og stoppa i nokre tre, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen til avisa Nordhordland.

Bilen er sikra med nokre stropper og bilbergar er tilkalla.

Det var ein person i bilen og han skal ikkje vera hardt skadd.

I samband med ulukka har ein stor stein på nokre hundre kilo kome ut i vegbana. Det er førebels uklart om det er snakk om steinen har rasa ned eller om steinen låg i vegbana og bilen trefte den.

– Me har fått inn melding og har varsla entreprenør, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen, Kjetil Løvås til avisa Nordhordland.

Han seier meldinga dei har fått frå politiet er at ein stor stein er flytta i samband med ei utforkøyring.

Vegen er stengt på staden, men Vegtrafikksentralen reknar ikkje med at vegen vil vera stengt i heile kveld.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags