Rykker ut til to pipebrannar

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Lindås, Meland og Modalen brann og redning rykker ut til to ulike pipebrannar.

110-sentralen i Hordaland melde 19.06 om pipebrann i Meland, og at brannvesenet er på veg.

Like etter, klokka 19.08, kom meldinga om mogleg pipebrann på Erstad i Lindås.

– Brannvesenet er framme i Erstadvegen. Den verkar roleg, og det er ingen flammar over tak, seier vaktkommandør Tore Fanebust ved 110-sentralen i Hordaland til Avisa Nordhordland.

Han fortel at det ikkje skal vera nokon dramatikk, men at brannvesenet gjer ein grundig sjekk og eventuelt feiar pipa.

– Pipebrannen i Meland er heilt nord i kommunen, der er vi ikkje framme på staden endå. Også her skal det vera ein mindre pipebrann det er snakk om, seier Fanebust.

Brannvesenet seier det er bebuarane sjølv som har meldt ifrå.

– Dette er noko som må takast på alvor, det må kontrollerast, mellom anna for skadar på skorsteinen, seier han.

Artikkeltags