Avisa Nordhordland tok imot heiderleg omtale for artikkelserie om vigsling av homofile

Redaktør og dagleg leiar i Avisa Nordhordland, Trond Roger Nydal, etter å ha motteke

Redaktør og dagleg leiar i Avisa Nordhordland, Trond Roger Nydal, etter å ha motteke Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Den heiderlege omtalen kjem frå Amedia-konsernet etter at Avisa Nordhordland i februar i år hadde ein artikkelserie om prestane i Nordhordland sitt syn på vigsling av homofile.

DEL

Gjennom ein artikkelserie tidlegare i år reiste Avisa Nordhordland debatten om vigsel av homofile i kyrkja. Bakteppet var at 13 av 15 prestar i Nordhordland nekta å vie homofile par etter at Kyrkjemøtet vedtok å seie ja til likekjønna vigsel.

Debatten vakte oppstand og sterke meiningar frå begge sider kom fram.

10–15 abonnentar sa opp avisa som ein direkte følge av sakene. Samtidig kjøpte tre-fire gonger så mange abonnement på avisa grunna sakene.

Onsdag tok imot avisa heiderleg omtale for viktig journalistikk frå Amedia-konsernet då konsernet delte ut redaksjonelle prisar for 2017.

Bakgrunn:

I juryen si grunngjeving blir det lagt vekt på at avisa har henta eit nasjonalt stridstema ned til lokalsamfunnet og laga god og grundig lokaljournalistikk av eit tema som tydeleg viser kor omstridt enkelte endringar i vårt samfunn kan vere.

– Prisvinnaren har utfordra mange innbyggarar i sitt nedslagsfelt – og ikkje minst viktige lokale institusjonar – og har på ein uredd måte reist spørsmål som er kontroversielle blant innbyggarane i sitt eige dekningsområde, står det i grunngjevinga til juryen.

Rosar redaksjonen

– Det er veldig kjekt at saker vi la mykje arbeid i blir løfta fram og sett på som viktig journalistikk innanfor eige konsern. Amedia består av 63 lokalaviser Norge rundt, og det blir gjort utruleg mykje bra i alle redaksjonane. Difor heng dette høgt, seier redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal etter prisutdelinga i Tønsberg onsdag kveld.

Han rosar redaksjonen for arbeidet som har blitt lagt ned.

– Redaksjonen gjorde ein kjempejobb med desse sakene. Vi visste vi gjekk inn i eit omdiskutert tema i Nordhordland, og det var difor ekstra viktig å vere sakleg og gjere ein grundig jobb. Dette løyste redaksjonen eksemplarisk. Nokre reaksjonar og oppseiingar vart det frå abonnentar som var ueinige, men faktisk fekk vi fleire titals nye abonnentar. Som avis er det samfunnsoppdraget som skal ligge til grunn for journalistikken vår, det må vi alltid hugse, seier Nydal.

– Heftig debattert

Ifølge redaktøren ønska avisa først og fremst å følge opp kyrkjemøtet sitt vedtak som opna for vigsling av homofile.

– Korleis stod det til med prestane i Nordhordland, ville dei vigsle homofile?, spør redaktøren.

Det viste seg at 13 av 15 prestar svarte direkte nei på spørsmålet, medan ein nekta å svara i det heile.

– Det blei heilt naturleg å følge opp med fleire saker. Dersom vi med desse har bidratt til å gjere kvardagen litt lettare for homofile i Nordhordland, har vi gjort ein positiv skilnad, seier Nydal.

Juryen påpeikar at avisa har løfta fram både motstandarar og tilhengarar av Kyrkjemøtet si avgjerd, og dermed på eksemplarisk måte avspegla mangfaldet av haldningar og synspunkt blant sine lesarar.

– Etter at artiklane sto på trykk, har temaet vore heftig debattert blant folk flest, i kyrkja og i trussamfunn. Avisa har fått mange positive tilbakemeldingar fordi ho tok opp det vanskelege temaet på ein nennsam, informativ og balansert måte, står det i grunngjevinga.

Det var Sandefjords Blad som vann prisen for beste journalistikk i Amedia i 2017, Fredrikstad blei kåra til årets mediehus, medan Telemarksavisa vann prisen som årets relasjonsbyggar.

Artikkeltags