– Målet vårt er at kulturkafeen skal skapa kontakt med nordmenn og innvandrarar, og bidra til integrering og til kulturutveksling, seier Geir Øy, som saman med Chadi Badra og Karianne Toppe Angelskår er mellom drivkreftene bak tiltaket.

 

Prat, song og smakar

I løpet av ein kafekveld skal det vera tid til samtale, til underhaldning, leikar og speling. På kafeen høyrer det også med servering – nokre gonger god kaffimat andre gonger varmrettar. Det vil naturleg nok bli eit godt spekter av spennande smakar etterkvart.

– Det skal bli god tid til å prata, fortel trioen som ønskjer velkomen til første kafesamling.

 

I underetasjen i kyrkja er det romsleg med plass for ulike aktivitetar, og kan hende ein lære folkeviseleik til kvarandre. Etterkvart kan det også bakekurs etter kvart.

– Vi vil læra enkle songar på norsk, og deltakarar med bakgrunn frå andre land vil bli oppmoda til å læra bort nokre av sine songar.

 

Kjend med kulturar

Geir Øy trur det er viktigare enn nokon gong å ha møteplassar som er med på å riva ned gjerder og murar mellom folk.

– Kyrkja ønskjer å vera ein møtestad der nordmenn og menneske frå andre kulturar kan møtast og ha det kjekt ilag. Vi har eit ønske at kulturkafeen skal gje folk eit høve til å bli betre kjent med fleire sider av kulturen til kvarandre. Difor håpar vi å få ein god balanse mellom folk med norsk bakgrunn og dei med bakgrunn som innvandrar, seier Øy.

I fleire år har det vore internasjonal kafe i Nordhordlandshallen, og opplegget i kyrkjekjellaren blir på sett og vis ei oppfølging av dette tilbodet.

Under opninga av kulturkafeen kan gjestane sjå fram til eit spennande program og freistande godsaker. Her blir det både arabisk song og norsk ringleik, og andre innslag.