Kevin Vågenes fekk språkpris for «Parterapi»

Gjennom den populære TV-serien «Parterapi» har mange blitt kjend med Kevin Vågenes sitt komiske talent. No har han også fått ein fin språkpris.

Gjennom den populære TV-serien «Parterapi» har mange blitt kjend med Kevin Vågenes sitt komiske talent. No har han også fått ein fin språkpris. Foto:

Kevin Vågenes spilte feminist, bloggar, finansmann, hissig, konfliktsky og aggressiv i ulike roller i NRK-serien «Parterapi». No er han heidra med Språkgledeprisen 2019.

DEL

Prisen vart delt ut laurdag kveld av Norsk Oversetterforening, Norsk audiovisuell oversetterforening og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

– Mange gode kandidatar vart nominert til Språkgledeprisen 2019, men éin språkleg bevisst gledesspreiar skil seg ut, heiter det i juryens grunngiving.

Juryen viser til at Vågenes har spelt svært mange svært ulike rollefigurar dei siste åra. Han har vore å sjå i «Nissene over skog og hei», «Mellom bakkar og berg», «Jul i Blodfjell», «Kollektivet» og etter kvart NRK-serien «Parterapi».

– Han kan spela nordlending, sørlending, møring eller totning – han har språkøyre og større dialekt- og talemålsforståing enn folk flest. I tillegg har han god diksjon. Vi skjønner kva han seier, og vi skjønner kvifor han seier det, seier juryen.

Prisen består av 15.000 kroner og eit diplom. Tidlegare vinnarar av prisen er Knut Nærum og Kristin Fridtun.

Artikkeltags