Minnest tragisk skipsforlis - elleve mista livet

I år er det 75 år sidan rutebåten DS «Masfjord» gjekk ned og elleve personar mista livet. Minneplata som står på Nesjane er restaurert og måndag 12. august vil det bli avduka 11 søyler til minne om dei som mista livet i forliset.