Bokbåten kan bli avvikla

DESENTRALISERT KULTURTILBOD: Ikkje alle har eit bibliotek i nærleiken. Bokbåten har vore eit viktig kulturtilbod for folk på Vestlandet i generasjonar.

DESENTRALISERT KULTURTILBOD: Ikkje alle har eit bibliotek i nærleiken. Bokbåten har vore eit viktig kulturtilbod for folk på Vestlandet i generasjonar. Foto:

Av

I desse dagar er bokbåten Epos ute på den faste haustturneen sin i Hordaland. Det kan bli siste bokreisa for den tradisjonsrike båten. I budsjettforslaget for nye Vestland fylke for neste år, går fylkesadministrasjonen inn for at ordninga blir avvikla.

DEL

(FIRDA): I dag er det berre Hordaland av dei to fylkeskommunane i det nye Vestland fylke som har ein avtale med bokbåten Epos. Sogn og Fjordane fylkeskommune avvikla avtalen for fem år sidan.

Då fylkespolitikarane i Hordaland tidlegare i år vedtok å forlengja avtalen med bokbåten ut året, gjekk dei samtidig inn for at ein burde greia ut ei utviding av bokbåttenesta til heile Vestland fylke frå årsskiftet. Men i budsjettforslaget til den nye fylkeskommunen er bokbåten ikkje med.

I sakspapira heiter det at fylkesrådmannen tilrår ikkje å vidareføre bokbåttenesta, men ser det som meir tenleg å nytte innsparingssummen til å styrkja det generelle bibliotektilbodet.

Opnar strilabibliotek

Auka kostnader

Det blir vist til at fylkeskommunen har fått auka bibliotekkostnader til ei transportordning på 757.000 kroner. Fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt i Hordaland fylkeskommune forklarer til Nynorsk pressekontor at dette er kostnader knytt til ei nasjonal transportordning som gjev innbyggjarane tilgang til fjernlån av bøker frå heile landet. Denne ordninga er det fylkeskommunen som administrerer i kvar fylke.

Det er kostnadane til denne ordninga som 40 kommunar i fylket nyttar seg av, som aukar med vel 750.000 kroner.

– Då kom vi opp i eit dilemma for korleis vi skulle løysa budsjettet, fortel Ørnholt. Ho peikar på at ei utviding av bokbåten til heile Vestland, ville bety at utgiftene ville auka ytterlegare. Løysinga blei difor å føreslå at bokbåttenesta ikkje blir vidareført.

Tilskot til mobile bibliotektenester

I staden foreslår fylkesrådmannen å oppretta ei ny tilskotsordning på 500.000 kroner som skal gå til å tilskot til mobile bibliotektenester i kommunane.

– Dette kan anten vera tilskot til bokbuss eller bil eller andre typar oppsøkjande bibliotekverksemd, seier Ørnholt.

I tillegg blir det lagt opp til tilskot til interkommunale bibliotekprosjekt og utviding av eit program for å betra biblioteklokala.

Også fylkesrådmannen i Møre og Romsdal har gått inn for å avvikla ordninga med bokbåten Epos etter at ingen av kommunane som får besøk av bokbåten i fylket ville vera med å betala for ordninga slik fylkeskommunen føreslo.

Artikkeltags