– Vi er fantastiske og kan gjere kva som helst, seier Sabina (17)

KORPS ER GØY: Frå høgre: Lars Bjørnar, Sebastian og Sabina speler kvart sitt instrument.

KORPS ER GØY: Frå høgre: Lars Bjørnar, Sebastian og Sabina speler kvart sitt instrument. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Til helga er det NM for skulekorps i Grieghallen.

DEL

Nordhordland janitsjar er eit av korpsa som skal delta. Her er deira tankar rundt den komande konkurransen og om korleis det er å vere ein del av korpset.

Spele i lag er bra

Nordhordland janitsjar består av Sagstad, Alversund og Austrheim skulekorps. Til saman er det 32 elevar frå 10 til 19 år som skal vere med på NM. Sabina Fosse Hansen (17) som kjem frå Alversund skulekorps synest det har vore veldig kjekt å jobbe seg opp til NM og at desse tre korpsa fungerer godt saman.

– Det er god stemning mellom alle medlemmane, seier ho.

Både Sebastian Budal Soltveit (14) frå Austrheim og Lars Bjørnar Stokke Kvinge (15) frå Sagstad skulekorps seier seg einige i det. Dei synest at det er veldig gøy å vere ein del av Nordhordland janitsjar, fordi dei er fleire musikantar og då kjem det mykje finare lyd.

– Det er fint at vi har slått oss saman fordi då blir alle kjend med nye folk, legg Lars Bjørnar til.

Sebastian seier også at det er kjekt å kome på trening og møte andre som har lik interesse. Ein del av motivasjonen hans til å vere med i korps er at han får moglegheita til å framføre i lag med andre.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Aldri vore med på NM

– Sjølv om eg ikkje har vore med på NM i skulekorps før, er eg er ikkje nervøs for å framføre i Grieghallen. Eg skal spele i lag med andre, seier Sabina.

Akkurat som Sabina har Lars Bjørnar aldri vore med på NM før. Han er heller ikkje nervøs. Det han gler seg mest til er å spele på scena. Sebastian, som ikkje har vore med på arrangementet tidlegare, gler seg like mykje til å spele, men gruar seg for å spele noko dårleg. 14-åringen seier at det høyrest veldig godt når ein gjer ein liten feil.

– Eg føler meg ganske førebudd til NM. Er litt usikker om resten av korpset er det, men trur det. Vi øver ein god del, seier Lars Bjørnar.

Skal vinne, eller ikkje?

Line Joa Tvedt (29) har vore dirigent for Sagstad skulekorps i snart eit år og ho skal også dirigere for Nordhordland janitsjar under konkurransen. Det var ho som valde songane som dei skal spele på fredag, 29. juni. Dei tre heiter March of the Belgian Paratroopers, North and South og Where Eagles Soar.

– Det blir veldig spennande å sjå korleis det skal gå for dei tre korpsa som skal spele i lag saman i NM, seier Line.

Ulike meiningar finst om dette korpset kjem til å vinne eller ei. Sebastian er i tvil, men Lars Bjørnar lyg ikkje og seier fast bestemt ordet «nei» for å svare på spørsmålet. Han seier vidare at han speler for å bli betre og for å ha det gøy, heller enn å vinne.

Sabina er meir optimist;

– Vi er fantastiske og kan gjere kva som helst!

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

Artikkeltags