Julespesial med underjordisk kanal på Sellevoll

Norge Rundt sin julespesial 1. juledag viser innslag frå restaureringa av dei gamle kisteveitene på Sellevoll. Ei kisteveit er ein underjordisk vasskanal, utforma som eit kammer, og bygd opp av naturstein, forklarar Claus Sellevoll, som sjølv har delteke i restaureringa.