Slik fekk dei Helsesista til sengs

Tale Maria Krohn Engvik, som på torsdag besøkte Nordhordland Folkehøgsule for å halde to føredrag, blei invitert til å tilbringe dagen i eit av kollektiva på skulen.

Tale Maria Krohn Engvik, som på torsdag besøkte Nordhordland Folkehøgsule for å halde to føredrag, blei invitert til å tilbringe dagen i eit av kollektiva på skulen. Foto:

Då Helsesista besøkte Nordhordland Folkehøgskule torsdag, tilbaud studentane der ho ei seng å kvile i.

DEL

Helsesista publiserte ei oppdatering på si eiga Facebook-side, kor ho takka nokre av elevane ved Nordhordland Folkehøgskule for å ha invitert henne til kollektivet sitt på skulen.

– Det høyrast koselegare ut enn sminke-backstage-rommet mitt, så eg takka ja!

Dette skriv Tale Marie Krohn Engvik i innlegget på Facebook. Bakgrunnen for at ho skulle vere på folkehøgskulen var at ho heldt to føredrag der, eit for ungdom på føremiddagen, og eit ope på kvelden.

Ho fortel vidare at ho ser på livet som Helsesista som eit eventyr, at det er slik ho vel å leve det i alle fall.

Fekk låne seng

– Det snillaste var at eg fekk låne Emma si seng og sove litt!

Dei 20 minuttane med søvn beskriv ho som så gode at ho trudde ho vakna heime hjå seg sjølv og at det var morgon.

Til slutt ønskjer ho å gi ei ekstra takk til alle som gav ho gode klemmar, og fortel at dei fylte opp lageret hennar med kjærleik.

– No kan eg vere raus og dele det vidare!

Artikkeltags