Alver sin nye ordførar opna nynorskdagane: - Naturleg for oss å feira nynorsken

- Det er naturleg for oss å feira nynorsken med nynorskdagar. Nynorsken fortener det, sa Sara Hamre Sekkingstad, påtroppande ordførar i Alver kommune, då ho stod for den offisielle opninga av nynorskdagane og nyopning av bokbussen.