Trude Brosvik frå Gulen kan bli toppkandidat for Vestland KrF

Listetoppen Beate Husa forlèt lista til Vestland KrF for å unngå kampvotering og ytterlegare splitting i partiet.

DEL

BA: Beate Husa trekker sitt kandidatur som førstekandidat i Vestland KrF og vil heller satse på bergenspolitikken, melder BT.

På Facebook grunngjev Husa dette med at det var planlagt eit motforslag om førsteplassen på nominasjonslista til Vestland KrF.

– Ei slik avstemming kan bli veldig jamn. Det trur eg verken er ein god situasjon for meg personleg, for den nye gruppa eller for Vestland KrF. Vi bør klare å gå inn i nytt fylke som eit nokolunde samla lag, skriv ho.

Vil sikre ro

Husa viser til at det har vore ein opprivande runde om kva retning KrF skal ta. Ho meiner at det no er tid for å «samlast og lege sår».

– Eg ønsker ikkje å bli eventuell toppkandidat med berre eit svakt fleirtal bak meg. Det blir for krevjande, skriv ho.

På laurdag arrangerer Vestland KrF sitt første nominasjonsmøte i Bergen. I slutten av oktober vart Husa lansert som fylkesordførarkandidat, mens Trude Brosvik og Tor André Ljosland var på dei to neste plassane.

Ifølge BT er Husa ein sterk forkjempar for at KrF skal gå inn i regjeringa til Erna Solberg, mens 2.-kandidat Brosvik er ein av de tydelegaste «raude» politikarane i partiet.

Brosvik vart overraska

Til NRK seier Husa at det er litt av grunnen til at ho nå trekker seg som toppkandidat.

– Dette er et forsøk på å bidra til at partiet kan stå meir samla. Kanskje dette kan vere ein måte som gjer at begge partar ser at vi vil ha kvarandre med vidare, både dei som har vore raude og blå.

For Brosvik kom avgjerda til Husa som ei overrasking.

– Det står respekt av det valet ho har tatt. Eg har veldig lyst til å vere Vestland KrF sin representant. Det er utfordrande å slå saman fylkeslaga med den runden partiet har vore gjennom, seier Brosvik til NRK.

Husa stiller seg til rådigheit for KrF i Bergen, der plassane etter byråda Rebekka Ljosland og Dag Inge Ulstein står ledige ettersom begge har uttalt at dei ikkje tar attval.

Artikkeltags