Stolen båt funne i Øygarden

Artikkelen er over 2 år gammel

Politiet interessert i tips.

DEL

Ei båt av type Yamarin med ein 100 hk Yamaha motor, som vart stolen i Ådlandsvågen i Meland natt til 21. mai er no funne.

– Båten dukka opp i Øygarden fredag, seier lensmann Kjell Idar Vangberg til avisa Nordhordland

Politiet er interessert i tips i saka.

– Viss nokon har opplysningar vil vi at dei skal ta kontakt med politiet, seier Vangberg.

– Brukstjuveri

Båten vart funne uskadd og i køyrbar forfatning.

– Dette verka som eit reint brukstjuveri, seier Vangberg.

Artikkeltags