Knarvik-russen har gjennom sitt bidrag til innsamlingsaksjonen «Krafttak mot kreft» samla inn heile 246.181 kroner som skal bidra til å gje eit betre liv til dei som lever med seinskader etter kreftbehandling.
Totalt i Hordaland og Sogn og Fjordane har det blitt samla inn over 6 millionar kroner, mens det på landsbasis har resultert i over 40 millionar kroner så langt.

Torill brukte fjellet som terapi då kreft-beskjeden kom
- Dei innsamla midla skal brukast til arbeidet for at færre skal få seinskader. Stadig fleire overlever kreftsjukdom, men ikkje alle blir friske. Fleire må leve med dei fysiske og psykiske følgjene av behandlinga, sier generalsekretær Anne Lise Ryel og distriktssjef Geir Vangsnes i ei pressemelding frå Kreftforeningen.

Frisørsalongen donerer dagsomsettinga til Barnekreftforeininga