Kronprins Haakon: Kongen er i betring

Styreleiar Harald Norvik, generalsekretær Jan Egeland  og Kronprins Haakon under eit besøk hjå Flyktninghjelpen sitt hovudkontor i Oslo.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Styreleiar Harald Norvik, generalsekretær Jan Egeland og Kronprins Haakon under eit besøk hjå Flyktninghjelpen sitt hovudkontor i Oslo. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix Foto:

Av
DEL

– Kongen er i betring, og vi reknar med at han skal vere heime frå sjukehuset i løpet av denne veka, seier kronprins Haakon.

Kronprinsen nytta anledninga til å takke for omtanken då han møtte pressa under eit besøk hjå Flyktninghjelpen måndag.

Kong Harald har det etter forholda bra, opplyser kronprins Haakon.

– Det har vore ein tung periode dei siste par vekene, men vi prøver så godt vi kan å ta vare på kvarandre, sa kronprinsen.

82-årige kong Harald vart innlagt på Rikshospitalet onsdag i førre veke på grunn av svimmelheit. Han vart då sjukemeldt i to veker. Kongehuset opplyste at det ikkje var funne alvorleg sjukdom.

Kongen var også sjukemeldt før jul med ein virusinfeksjon.


(©NTB)

Artikkeltags