Kongen er framleis på sjukehus

SJUK: Kongen er no sjukmeld i to veker og i denne perioden er det HKH Kronprins Haakon som er regent. Bildet er frå  nyttårstalen i 2019.

SJUK: Kongen er no sjukmeld i to veker og i denne perioden er det HKH Kronprins Haakon som er regent. Bildet er frå nyttårstalen i 2019. Foto:

Tidlegare i veka opplyste Slottet at han ville bli utskriven før helga.

DEL

(Firda): – Hans Majestet Kong Harhald er innlagd på Rikshospitalet for svimmelheit. Han er på betringas veg, og ein forventar at han blir utskriven neste veke, opplyser Slottet fredag ettermiddag.

Han vart lagd inn på sjukehuset på onsdag, men det er ikkje funne alvorleg sjukdom. Då vart det sagt at kongen skulle bli utskriven før helga. No skjer dette først i neste veke.

Kongen er no sjukmeld i to veker og i denne perioden er det HKH Kronprins Haakon som er regent.

Før jul var kongen sjukmeld på grunn av ein virusinfeksjon.

Artikkeltags