Skyss endrar prisane og rutene for ferjene i Hordaland frå nyttår

MF «Fedjefjord» vert frå 2020 av bytt ut med ei elektrisk ferje.

MF «Fedjefjord» vert frå 2020 av bytt ut med ei elektrisk ferje. Foto:

Er du passasjer på ein av ferjene i Hordaland etter nyttår, så kan du nye godt av dei nye reglane til Skyss.

DEL

Frå nyttår får ein oversikt over alle rutetidar av ferjene i Hordaland på skyss.no. I tillegg vil det innførast Autopass-brikkebetaling på dei fleste av ferjene, og det vil bli nye prisar og ruter for ferjene.

– Her vil du òg finne informasjon om avvik og forseinkingar, skriv skyss på sin eige heimeside.

Fleire grupper som kan reise gratis

Frå 1. januar tek nemleg Skyss eit større ansvar for kundekontakt og informasjon om ferjene. Dei opplyser om at ein framleis kan få varslar på SMS direkte frå ferjeselskapa, men at ein då må hugse å tinge ny varsling.

– Alle ferjesambanda går over på AutoPASS-regulativ og brikkebetaling, med nye prisar for køyretøy. Alle gåande, syklande og passasjerar i bil og buss reiser gratis. Det vil altså seie at du ikkje lenger treng ferjebillett når du reiser med buss.

Nullutsleppskøyretøy vil få halv pris.

Dette opplys dei på sin eiga heimeside.

Nye ferjer

Ferjene som blir bytta med nye, har ein snittalder på 30 år. Dei nye ferjene som tek deira plass er hybridelektriske og stillegåande miljøferjer. Denne forskjellen fortel dei av reisande vil merke.

– Gjennom ferjeanboda har Skyss og Hordaland fylkeskommune samstundes vore med på å drive fram grøn fornying innan ferjedrift. Skyss overtek gradvis ansvaret for alle 17 fylkeskommunale ferjesamband i Hordaland.

Dei nye prisane som blir gyldige frå 1. januar, ska fylkestinget for Vestland bestemme i slutten av desember. Prisane vil då vere å finne på Skyss sin heimeside.

Meir informasjon om korleis ein knyter AutoPASS-brikka til ferjeturane, kan ein finne her.
Få oversikt over alle båt- og ferjerutene her.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken