Etterlysing: Har du funne ein giftering?

DEL

Avisa Nordhordland har blitt kontakta av Ann-Beatrice Enehaug som kjem med ei etterlysning på vegne av sin far.

– Min kjære pappa mista gifteringen sin i Knarvik måndag, fortel ho.

Dei har leita overalt og teke kontakt med stadene der faren har vore innom, men utan hell så langt.

– Han har vore innom Fargerike, Apotek 1, Rema 1000 og Knarvik sjukeheim. Vi har kontakta desse, men utan hell så langt, fortel ho.

No håpar ho Avisa Nordhordland sine lesarar kan hjelpa.

– Ringen er ein giftering, og det står «Din Anita» i den, fortel ho.

Har du funne ringen kan du ta kontakt med Avisa Nordhordland på 916 20 916.

Artikkeltags