Russekort dyrare på nynorsk

DYRT: Om du vil ha russekortet ditt på nynorsk blir det dyrare.

DYRT: Om du vil ha russekortet ditt på nynorsk blir det dyrare. Foto:

Av

SAMFUNN: Russekort på nynorsk er både vanskelegare å finne, og dyrare å kjøpe enn bokmålsvarianten. Både Norsk målungdom og nynorskrussen reagerer på det, fortel NRK.

DEL

I 2016 fekk Norsk målungdom gjennomslag for nynorske russekort frå Russedress og Russeservice, og i fjor kunne desse for første gong bestillast.

Logoen med «Raudruss» er alt laga av Russeservice og Russedress, men dersom ein vil bruke den må ein både designe resten av kortet sjølv og betale hundre kroner ekstra.

– Ein kan heller ikkje velje svartruss, kvitruss eller grønruss, seier Thea Louise Esp, elev ved Firda vidaregåande skule og leiar i Firda målungdom, til NRK.

Ole Jørgen Smedsrud, dagleg leiar i Russeservice, seier at marknaden bestemmer.

– Eg ser ikkje på dette som forskjellsbehandling mellom målformer i det heile. Eg tenkjer at dersom ein ønskjer å få eit eige design på russekorta, så har vi dette tilbodet. Vi kan sjølvsagt ta det bort, men då må russen sjølv laga logo med «Raudruss», fortel han.

Russedress og Russeservice har tilnærma monopol på marknaden. Smedsrud seier at etterspurnaden er for låg til å ha med nynorskvarianten som eitt av standardkorta i nettbutikken.

Det synest ikkje leiaren i Norsk målungdom noko om.

– Det er jo ikkje snakk om den store summen i forskjell, men det er ei prinsippsak. At det skal koste ekstra å velje nynorsk, synst eg er unødvendig. Eg kan ikkje sjå for meg at det skal vera umogleg å laga noko på nynorsk som er like enkelt å velje som bokmålsvarianten, seier Fredrik Hope, leiar i Norsk målungdom.

Artikkeltags