NRK sender påskegudstenester frå Knarvik kyrkje

– I løpet av tre dagar i palmehelga kan du truleg setja personleg rekord for gudstenestebesøk, seier sokneprest Geir Øy  (t.v.). Her saman med prestane Torbjørn Sæle og Magne Bjørndal.

– I løpet av tre dagar i palmehelga kan du truleg setja personleg rekord for gudstenestebesøk, seier sokneprest Geir Øy (t.v.). Her saman med prestane Torbjørn Sæle og Magne Bjørndal. Foto:

Av

NRK sender årets påskegudstenester frå Knarvik kyrkje. Det blir TV- og radiosendte gudstenester både palmesøndag, langfredag og påskedag.

DEL

– I løpet av tre dagar i palmehelga kan du truleg setja personleg rekord for gudstenestebesøk, seier sokneprest Geir Øy. Han håpar det blir fullsette kyrkjer under dei tre gudstenestene.

Gunn Aasen er prosjektleiar for gudstenestene som NRK skal senda frå Knarvik kyrkje. Her fortel ho kvifor NRK valde Knarvik kyrkje til overføring av påskegudstenestene i år.

– Vi tenkjer det blir fint å visa den nye kyrkja i Knarvik. Det var også stor entusiasme frå dei tilsette i Knarvik kyrkje for eit samarbeid med NRK denne påska. Det er eit veldig godt utgangspunkt, seier Aasen. Ho fortel at NRK-teamet gler seg til å senda påskegudstenester frå Knarvik denne påska og til å samarbeida med alle de fine folka der.

Mykje song og musikk

Dei tre gudstenestene vil bli prega av at det er eit flott musikk-miljø i Nordhordland med både kor og instrumentalistar.

– Me som arbeider med gudstenestene har ønska å dra vekslar på lokale ressursar, ikkje berre frå Knarvik og Alversund, men frå heile komande Alver kommune, seier Øy.

Organisten er William Kay som kjem frå Radøy. To av songarane som skal bidra kjem frå Meland. Eit felles barnekor har med born også frå Osterfjorden. Slik blir gudstenestene eit stort fellesprosjekt.

Seks-sju barnekor med Bjarte

Laurdag formiddag i palmehelga blir det gjort opptak til den radio- og TV-sendte gudstenesta palmesøndag.

– Det blir ein fest av ei familiegudsteneste, seier Geir Øy, og fortel at barn frå seks-sju barnekor skal i aksjon saman med Bjarte Leithaug. Han får med seg barnekoret på fire av songane sine.

knarvik kyrkje

knarvik kyrkje Foto:

I tillegg har Bjarte skrive ein ny song for dagen. Songen tar opp i seg temaet i preika, som Geir Øy skal halda. I gudstenesta elles blir det inngangsprosesjon med alle borna i koret. Det blir også dåp.

Opptak av gudstenesta til langfredag blir fredag 12. april om kvelden. Her blir visesongaren May Sissel Rismyhr Jansen frå Frekhaug med. Ho skal mellom anna framføra sin eigen song, «Trøystesong».

Torbjørn Sæle skal framføra ein tekst som tar for seg dei viktigaste hendingane i Jesu liv. Preika denne dagen er det Magne Bjørndal som skal halda.

Strålande songfest påskedag

Palmesøndag blir det gjort opptak til påskedags-gudstenesta i radio og TV. Geir Øy omtalar denne gudstenesta som ein strålande songfest. Det blir lagt stor vekt på fellessongen, med fleire av dei mest kjende påskesalmane. Det blir samla eit stort felleskor av Alversund kammerkor, Knarvik Gospel og barnekoret SingOut.

I tillegg til det koret syng åleine, vil det verkeleg løfta fellessongen. Organist William Kay får følgje av radværingen Erlend Aagaard-Nilsen, som til vanleg er trompetist i Kringkastingsorkesteret. Torbjørn Sæle har preika på høgtidsdagen.

Første gong i opptak

Det skal visstnok vera første gongen at NRK tar opp alle påskegudstenestene på førehand.

Sjølv om det var ein uvant tanke å feire påskedag før skjærtorsdag og langfredag, har det modnast, fortel Knarvik-prest Torbjørn Sæle.

Når alt kom til alt, var det praktisk, ikkje berre for NRK, men også for oss å ta opp alle gudstenestene i palmehelga. Det er mange frivillige som er i sving, seier Sæle.

Artikkeltags