Bernt Tungodden 1924 – 2018: – Han var på mange vis ein bauta

SISTE KVILE: Fredag vart Bernt Tungodden gravlagd frå Knarvik kyrkje. Ei nær fullsett kyrkje var samla for å ta avskjed og følga Tungodden til den siste kvilestaden. FOTO: Morten Sæle

SISTE KVILE: Fredag vart Bernt Tungodden gravlagd frå Knarvik kyrkje. Ei nær fullsett kyrkje var samla for å ta avskjed og følga Tungodden til den siste kvilestaden. FOTO: Morten Sæle

Ei nær fullsett kyrkje tok eit siste farvel med Bernt Tungodden i Knarvik fredag.

DEL

Grunnleggjar og mangeårig styreformann i Avisa Nordhordland, Bernt Tungodden, gjekk bort søndag 25. november.

Fredag vart Tungodden gravlagd frå Knarvik kyrkje.

Prest Geir Øy las minneordet frå familien, der han mellom anna fortalde om hans mangeårige virke som skulesjef, oppstarten av Avisa Nordhordland i 1974 og hans store hjarte for dei svake i samfunnet, eit engasjement han delte med kona Gunnvor.

Kampsak

– Ei kampsak for dei begge var betre integrering av psykisk utviklingshemma i samfunnet, og realisering av Nordhordlandstunet midt i sentrum av Knarvik vart eit pionerprosjekt i dette arbeidet, las presten i minneordet.

Dei tre borna deira delte sine opplevingar og minne etter ein far som var sterkt til stades i liva deira, og dei seks barnebarna fortalde om ein trygg og god «Besse» ein alltid kunne gå til og ha det godt i lag med, som inspirerte dei til å drøyme og jobba hardt.

– Ein bauta

– Ein klassisk avslutning på ein samtale med han var ofte at «Ingenting er umogleg, det umoglege tar berre litt lenger tid». Då spurde han oss kven som hadde sagt det, og vi svarte «Ivo Caprino», fortalde barnebarna i sin rørande minnetale.

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes heidra Tungodden sitt minne på vegner av Lindås kommune.

– Han var på mange vis ein bauta, med skulen som sitt hjartebarn, sa Byrknes.

Tungodden er den lengstsitjande fagsjefen i Lindås nokosinne.

– Og han var ikkje berre skulesjefen, men gründeren og samfunnsbyggaren.

Prest Geir Øy minte oss i sin tale om det gamle livsmottoet «Carpe diem» – grip dagen.

– Gjennom ei sterk livsforteljing her i dag har vi høyrd nettopp om det, sa Øy.

Tungodden sovna stille og fredeleg inn i heimen sin i Knarvik søndag, 94 år gamal. Tungodden gjekk bort etter nokre vekers sjukdom. Han sovna inn med den næraste familien rundt seg og var klar og samfunnsengasjert heilt til det siste. Familien fortel at hans siste ord var «Unge og nye krefter, dei gir meg energi».

Etablerte Nordhordland

Tungodden etablerte Avisa Nordhordland i november 1974 saman med Sigmund Maraas og Terje Vetås. Verksemda vaks og omfatta etter kvart bokhandlar, forlag, reklamebyrå og eigedommar. Avisa har vore i kontinuerleg drift heilt sidan starten i 1974 og har neste år 45 årsjubileum.

Tungodden kom opphavleg frå Solund i Sogn og Fjordane. Han fatta tidleg interesse for kunnskap, skule og undervisning. Han utdanna seg til lærar og skulle seinare bli skulesjef, først i Solund og deretter i Lindås. 

Det var også med tanke på kunnskapsformidling og eit ønske om å modernisere Nordhordland gjennom kunnskap han starta opp Avisa Nordhordland.

Samtidig etablerte han Folkeuniversitetet i regionen og jobba lenge med planar om å etablere ein høgskule. Han var også ei av eldsjelene bak Knarvikmessa, som var starten for Knarvikmila.

Fortenestmedalje

21. desember 2006 blei han tildelt Kongens fortenestmedalje for sin uvanleg store innsats for samfunnsliv.

Tungodden etterlet seg kona Gunnvor, som han fekk over 60 gode år med, borna Nina, Bertil og Tore og seks barnebarn.

Artikkeltags