Søker løyve til å lagre 300 tonn farleg avfall i Gulen

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

ARISE Dynamic Rig Supply AS har søkt om løyve etter forureiningslova til å etablere anlegg for gjenvinning og resirkulering av utrangerte offshoreinstallasjonar i Gulen Industrihamn, Mækjevikane, i Gulen kommune i Sogn og Fjordane.

DEL

Det blir søkt om løyve til mottak av inntil 75.000 tonn årleg av marine og landbaserte konstruksjonar for miljøsikra opparbeiding og opphogging. Det blir også søkt om lagring av inntil 300 tonn med farleg avfall til einkvar tid, samt løyve til montering, modifikasjonar og ferdigstilling av konstruksjonar som skal takast i bruk.

Konstruksjonar til opparbeiding skal takast i land, og demontering skal utførast på område med fast tett dekke, med oppsamling av avrenning/vatn som blir leitt til reinseanlegg og vidare ut i Fensfjorden.

Saksdokument og skjema for å gi elektronisk høyringsfråsegn finst på Miljødirektoratet si heimeside.

Det er også mogeleg å sende inn høyringskommentarar skriftleg til: Miljødirektoratet, Postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim.

Søknaden er også lagd ut til offentleg høyring på ekspedisjonsavdelinga i rådhuset i Gulen kommune og på heimesida til kommunen.

Frist for tilbakemelding er måndag 10. desember 2018.

Artikkeltags