– Gledelege nynorsktal i Hordaland

– Det er flott å sjå at talet på nynorskelevar i Hordaland er det høgaste på åtte år, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Det er flott å sjå at talet på nynorskelevar i Hordaland er det høgaste på åtte år, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Foto:

– Det er flott å sjå at talet på nynorskelevar i Hordaland er det høgaste på åtte år, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

DEL

– Bergen by blir større og større, og det gjer presset på nynorsken i dei kringliggande kommunane stort. I mange av desse kommunane har talet på bokmålselevar vakse veldig dei siste åra, men no ser me fleire positive tendensar i motsett lei, seier Magne Aasbrenn.

Kvart år i desember legg Utdanningsdirektoratet fram statistikk for det inneverande skuleåret. I år er det 24 433 nynorskelevar i Hordaland, ei auke på 20 elevar frå i fjor. Det er særleg utviklinga rundt Bergen det er verdt å glede seg over, meiner mållagsleiaren.

Det er særleg verdt å merkja seg:

Os (+ 170 nynorskelevar, - 94 bokmålselevar)
I Os har det vore bokmålsklassar på alle kull i 10 år, medan no er det to kull utan bokmålselevar. Os er no den kommunen i landet som har flest nynorskelevar i grunnskulen. Nynorskprosenten i Os har gått opp frå 85,9 % til 89 % siste året.

Lindås (+ 7 nynorskelevar, - 5 bokmålselevar)
Særleg på Knarvik barneskule er tendensen god. Medan det i 2012 var fleirtal av bokmålselevar, er det i dag stort fleirtal nynorskelevar på fleire kull og fleire kull heilt utan bokmålselevar.

Meland (+ 15 nynorskelevar, + 34 bokmålselevar)
God tendens på Vestbygd skule der det for fyrste gong på 10 år er to kull utan bokmålselevar. Og på Sagstad skule veks talet nynorskelevar.

Sund (+ 93 nynorskelevar, - 6 bokmålselevar)
Dei siste to åra har det ikkje byrja ein einaste bokmålselev i Sund.

Fjell (- 64 nynorskelevar, + 9 bokmålselevar) (samla nedgang i elevtalet med 55 elevar)
På Brattholmen skule er det for fyrste gong på 15 år fleire nynorskelevar enn bokmålselevar som tek til i fyrste klasse.
Knappskog skule tok det til 14 nynorskelevar i år, mot 27 bokmålselevar, det er det høgste nynorsktalet på lenge.

Vaksdal og Osterøy
Ingen har bytt til bokmål i overgangen til ungdomsskulen i Vaksdal kommune i år, og dei har berre ein elev som har bokmål på niande trinnet og to på tiande. På Osterøy er det berre to tiandeklassingar som har bokmål, ingen elles.

Bergen
I Bergen kommune har talet på nynorskelevar gått ned med 111. Ein grunn til dette er at nynorskskulen Haugeland skule har blitt lagt ned.


Artikkeltags