Farlege kjemikalium og avfall blir ofte ikkje lagra som det skal

Av

Ti av elleve inspiserte tankanlegg i Sogn og Fjordane og Hordaland bryt forureiningsforskrifta, viser tilsyn utført av Fylkesmannen og Miljødirektoratet.

DEL

– Det har vore mange utsleppshendingar dei siste åra. Vi ser at for mange verksemder framleis ikkje tar miljørisikoen alvorleg, seier seksjonssjef Einar Knutsen i Miljødirektoratet til Bergens Tidende.

Fylkesmannen og Miljødirektoratet har utført ein nasjonal tilsynsaksjon, der formålet er å kontrollere tankanlegg med farlege kjemikalium og farleg avfall. Det inneber mellom anna å sjå på tiltaka selskapa har for førebygging og vedlikehald. Anlegg som har høgast risiko, har i hovudsak vore prioritert, skriv avisa.

I Hordaland og Sogn og Fjordane vart det utført elleve kontrollar. Hos ti av dei vart det funne avvik.

Knutsen seier til avisa at utslepp frå tankanlegg kan få alvorlege konsekvensar for miljøet. Senioringeniør Hallvard Hageberg ved Fylkesmannen i Vestland seier konsekvensane av eit tankutslepp avheng av kva tankane er fylte med. Til dømes kan oljesøl skade sjøfugl.

Artikkeltags